16. november 2010

Linooppgaven

"Vi er nå ferdig med linotrykk-perioden. Arbeidet blir dokumentert av hver elev på den enkeltes blogg. Innlegget her er det Thordis som er ansvarlig for. Det gir et godt bildet av aktiviteten som har pågått:


(her arbeider Kevin og Trym med linotrykket, alle bilder er tatt av meg)


Oppgåva
Sidan me fram til no har berre jobba med foto, er det på sin plass at me endeleg byrja å jobbe med trykk. Me har lært forskjellen mellom høg - , dyp - , og plan trykk. Forskjellen mellom desse metodane er kvar sverta legg seg når ein trykker. I fyrste oppgåva skal me lage eit linotrykk, og motivet skal vere abstrahert (abstrakt). Eg fant min inspirasjon i celler/bakteriar (sett gjennom mikroskop). Formatet var 9cm x 9cm.
Linotrykk er eit høgtrykk, det betyr at sverta (fargen) legg seg på dei høge plana av trykkplata. Sjølve plata er laga av linolium, der linotrykk namnet kjem frå. I prosessen treng ein spesielle knivar, slik at utskjeringa går problemfritt. Rispapir vert ofte brukt når ein trykkjer. Det er også eit spesielt oppsett på sjølve trykket (biletet) når ein er ferdig. Det skal alltid stå trykk nr, og det fullstendige antallet av trykka. Signatur og dato skal óg stå i høgre hjørne. 
Den norske grafikaren og kunstnaren Edvard Munch er kjent for sine særegne trykk, deriblandt linotrykk. Sjå  ‘Skrik’ og ‘To mennesker. De ensomme’


Prosessen

(Prosessen i bilete, collagen er laga i Picasa)


Det heile går lett føre seg, det fyrste ein må gjere er å finne eit motiv. I denne oppgåva skulle me ha eit abstrakt motiv, å finne eit gjekk ganske greit. Neste steg i prosessen er å kunne overføre motivet over til linoliumen. Dette kan gjerast på to ulike måtar, enten teiknar ein rett på plata med blyant å prøver å få det så bra som mogeleg. Eller så brukar ein blåpapir og overfører strekane frå teikninga til plata. Det gjorde eg.
Det neste er å skjære ut motivet, då må ein være nøye og bruke det rette utstyret. Dessutan må ein passe på at ein er obs på kvar ein vil at sverta skal leggje seg på trykket. Ein annan viktig ting er å halde plata i grei temperatur (litt varm), slik at det er lettare å skjære.
Så byrjar man å trykkje. Det einaste ein må være nøye med er å fordele sverta gjevnt over plata, og det at papira ligg rett uder trykkjinga. (Etter ein er ferdig med rispapir-trykket kan ein for eksempel laga nye uttrykk ved å klyppa sund sjølve plata å eksprimentere med det.)
Så er det kun monteringa som står att. Det er viktig at passepartouten har riktige mål, slik at biletet tar seg best ut. Nøyaktighet når ein signerer er og viktig, dato og trykk nummer (og med fullstending antall av trykka). Det skal være skreve klart og tydeleg. 


Resultatet

(7/7  -  “ABSTRAKT” -  Thordis Grims. -  10.11.10) 

Her er det endelege trykket, med rød trykksverte på blått papir. Eg har og trykt eksemplar med svart sverte på kvit rispapir, men skanningen av denne vart betre. Denne er ei tif fil, istadenfor jpgHER kan du sjå svart/kvit versjonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar